Velkommen til Best Western Lægreid Hotell
 

Midt i Sogndal ved Sognefjorden ligg Best Western Lægreid Hotell. Ved den vesle fontena på Almenningen finn du eit hotell der gjestene kjenner seg som heime. Der er alt lagt til rette for at du skal finne roen du treng.

Dei tilsette er hyggelege og hjelpsame. Atmosfæren er varm, personleg og uformell. Dette kan også stamgjestene fortelje deg.

Vertskapet, Sylveig og Atle Lægreid, legg kanskje litt meir i dette med atmosfæren enn andre som driv hotell. Ikkje nok med at dei tener til sitt brød her, dei bur her også sjølve. Og nettopp det er den garantien du treng for at den lune og gode atmosfæren skal prege alle dine opphald på Lægreid.

Aktuelt


Hotellrom & atmosfære

Best Western Lægreid Hotell er eit moderne hotell med 36 rom i victoriansk stil. Det er dusj, toalett, TV, minibar og telefon på alle rom.

Kurs & konferanse

Hotellet har moderne møterom, med kapasitet på inntil 40 personar i klasserom oppsett. Møteromma er utstyrte med prosjektor, tavle og overhead, samt trådlaust nettverk.

Selskap & arrangement

Best Western Lægreid Hotell er ein ideell stad for store markeringar. Selskapet får flotte rammer hjå oss, i eit lunt og godt miljø.